Fjellnettverket søker gardsbruk som har lyst til å vere med i prøveprosjekt.

Bakgrunn
Nye reisevanar gjer at folk ynskjer seg nye tilbod. Slik trendane ser ut i dag, blir det stadig fleire som vil oppleve det autentiske, og som vil ha opplevingar utanfor allfarveg. På Færøyene finst det ei ordning som kallast for Heimablidni, der gardsbruk kan tilby matservering frå eige kjøkken. Gjestene som besøker ei Heimablidni- verksemd får oppleve lokal færøysk mat og gjestfridom i ein færøysk heim. Ordninga bidrar til at fleire færøyske verksemder får del i den stadig veksande turismen i landet.

Fjellnettverket ynskjer å sjå nærmare på om dette kan være ei ordning som kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Og som ein del av arbeidet med prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» ynskjer  dei å sette i gang ein pilot der dei testar ut ordninga samen med nokre verksemder.

Fjellnettverket ynskjer seg

Det er fordel om verksemdene driv produksjon av eigne lokalmatprodukt som kan brukast i serveringa.

Fjellnettverket søker verksemder som

Prosjektet vil bidra i arbeidet med marknadsføring av ordninga og verksemdene som testar ut konseptet.

Ta kontakt med Fjellnettverket v/Elin Halland Simensen, prosjektleder. Tlf. 99 59 49 22, epost: elinsi@viken.no