Søk
Close this search box.

Nye krav til storfehald som gjelder fra 01.01.2024

Mattilsynet vil minne om dei nye krava til storfehald som gjeld frå 01.01.2024. Det omfattar kravet til eigen kalvingsbinge og kravet om utvida beitetid og mosjon

Kalvingsbinge

Det blir krav om eigen kalvingsbinge i båsfjøs som er teke i bruk før 22. april 2004 og har vore i samanhengande bruk sidan. Slike bingar skal vera permanente og skal ikkje brukast til oppstalling av andre dyr. Det som står om kalvingsbinge i veileder til forskrift om hold av storfe vil òg vera retningsgjevande for kalvingsbinge i båsfjøs.

Ein kalvingsbinge må utformast slik at han òg kan nyttast som sjukebinge. Det er eit krav i regelverket i dag at sjuke og skadde dyr skal isolerast på eigna plass med tørt og mjukt liggjeunderlag, dersom dette er til det beste for dyret. Ein kombinert kalvingsbinge/sjukebinge vil tilfredsstille det kravet.

Bingar tenkt brukt ved kalving, sjukdom, skadar og inseminering, skal vera bingar som er avsett til dette føremålet og er klare til bruk ved behov for å skjerme dyr. Kor mange bingar ein treng, varierer med behovet. Ein bør som eit minimum gå ut frå kravet som er sett til lausdriftsfjøs dvs. 1 binge pr. 25 kyr. Midlertidige bingar med grinder kan supplere permanent avsette bingar ved ekstra behov (t.d. konsentrert kalving). Det er likevel greitt å stalle opp kyr og ungdyr på bås ved sjukdom/skade.

Bingane bør plasserast i nærleiken av der dei fleste av dyra elles står oppstalla for at det skal vera praktisk mogleg å flytte dyr til og frå ved behov.

Ved kalving skal kua vera laus, men det skal være mogleg å fiksere dyra ved behov. Bingane skal ha tørt og mjukt liggeunderlag.

 

Utvida beitetid og mosjon

Det blir krav om mosjon på beite i minimum 16 veker i løpet av sommarhalvåret frå og med sommaren 2024. Dersom dei naturgjevne tilhøva ikkje ligg til rette for 16 vekar på beite, kan beitetida reduserast med inntil 4 veker. I den nye klauvdyrforskrifta som vil erstatte dagens forskrift om hold av storfe, er kravet også 16 veker. Her er det opna for at fire av vekene kan vera utanom normal beiteperiode.

Det står vidare i forskrift om hold av storfe at dyra også skal sikrast moglegheit til regelmessig mosjon og fri bevegelse resten av året. Dette er eit krav som det ikkje er kome noko rettleiing på frå Mattilsynet sentralt. Kravet er heller ikkje vidareført i ny klauvdyrforskrift. Mattilsynet vil ikkje følgje opp dette kravet overfor dei som har storfe i båsfjøs.

Har du spørsmål eller ønsker mer informasjon – ta kontakt med Mattilsynet: Kontakt oss | Mattilsynet